Vatne ungdomsskule

Gründercamp 2013

Gründercampen 2013 vart sett i gang i går (9/12) med kreativitetsøvingar i Bygdestova. Les meir om dei byggherrene som vann konkurransa. (10.12.13/BK)
No er årets Gründercamp i gang. Elevane har blitt delt opp i 9 grupper og har fått oppdrag frå Vard Brattvåg, Haram kommune, Haram innovasjonsstudio, Aalesund oljeklede, IL Ravn, Mørehus, Vard Søviknes, Rolls Royce Marine Brattvåg og Vard Accomodation Tennfjord. Elevane var på bedriftsbesøk i går og fekk utdelt kvart sitt oppdrag. I dag er dei godt i gang med å løyse desse oppdraga. Som eit start på heile prosjektet hadde vi i går gruppeoppgåver der dei måtte vere kreative. Det første var å bygge eit tårn av marshmallows og spaghetti. Dei fekk ca. 30 minutt på seg. Gruppe 4 som bestod av Hanne, Benjamin SB, Andreas A, Tobias H og Lisa laga eit fantastisk byggverk på heile 119 centimeter. Ikkje berre var det høgt, men det var solid også. Då vi var ferdige løfta dei det opp og kasta det i bakken. Det var like heilt....Aner vi nokre framtidige arkitektar? Etterpå var det utforming av papirfly. Eit designa for lengdeflyging og eit for å kunne halde seg lengst i lufta. Her var det mange flotte fly å sjå.